Karaoke-NM kvalifisering 25.-26. april + Allsang på Granden med Matt Byrne og Henning Fladberg
Lærdal Showtheater
Ta sjansen og syng deg til finale i karaoke-VM i Bangkok!
Gratis inngong, men har du eit favorittbord, kan du reservera mot eit setegebyr på kr. 100,--
Kom og løft fram songtalent å vinna VM i Bangkok!
Konferansier og gjesteartistar for kvelden er norske Henning Fladberg og britiske Matt Byrne, han me kjenner som Robbie Williams tributeartist.
Program:
Kl. 19.00 Allsang på Granden startar
Kl. 20.00 Karaoke-NM kvalifisering startar
Etter deltakarane sine bidrag fortsetter kvelden med allsang med våre gjesteartistar.
Kl. 22.30 Juryen fortel oss kven går vidare til regionsfinalen.
Allsang fortsetter fram til slutt kl. 23.30.
Alder:
- Deltakar i karaoke-NM må vere 18 år.
- Publikum: inga aldersgrense
Merk: Grupper på meir enn 12 personar må føreta separate bestillingar. Maks personar per bestilling er 12 personer.
Viktig å vite
- Sitteplassar er ved runde bord med 4 seter. Spør oss for spesielle ynskjer.
- Rullestolar er velkomne, bestill helst eit sete ved den raude løparen.
- Dørane opnar kl 18.00. (Middag kan kjøpast før konkurransen og underhaldninga startar, frå kl. 17.)
Karaoke World Championships (KWC) er verdas største og mest prestisjefylte globale talentkonkurranse og sanghending. Den samlar songarar frå helie verda. Karaoke World Championships gjev ambisiøse songarar høve til å visa sitt fantastiske talent og gje publikum ei uforgløymeleg oppleving. Konkurransen har vore eit årleg arrangement frå den vart grunnlagd i Finland i 2003, og verdsfinalane har vore husa i ulike land sidan.